Språk og kognisjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kurset gjev ei innføring i kognisjonsvitskap relatert tilspråkleg kunnskap, språktileigning og bruk av språk.Gjennom døme vil studentane lære om korleis psykologiske og kognitive aspekt av språk kan studerast.

Føremålet med emnet er å gje studentane eit innblikk i språket sin psykologi, å illustrere korleis språkvitskap og eksperimentell psykologi er relaterte, og å gje eit grunnlagfor vidare studium i kognitive tilnærmingar til språk.

Læringsutbytte

Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne

  • gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delarav den studerte faglitteraturen og dei aktuellemetodane.
  • grunngje valet og bruken av omgrep og metodar ieigne arbeid.

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Det blir tilrådd at studenten har avlagt Ex.fac.-variantenSpråk og kommunikasjon eller tilsvarande. Det vert kravdevne til å lese engelsk.

Studiepoengsreduksjon

LING122 overlappar med LING118 (5 stp).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet iBergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar.

Om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emnekan instituttet innføre redusert undervisning, jamførinstituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emneder dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen forsemesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere inn ei obligatorisk oppgåve til godkjenning.

Vurderingsformer

Skriftleg skoleeksamen på 3 timer.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum vert lagt til rette av førelesar. Pensum er omlag 300 - 400 sider, inkludert aktuelle artiklar.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret i lingvistikk

Emneansvarlig

Administrativt ansvarlig

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium