Tema i miljøhumiora (tillegg)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Miljøhumaniora er eit tverrfagleg felt som nyttar metodar, perspektiv og tilnærmingar frå ulike delar av humaniora. Feltet utforskar forholdet mellom menneske og miljø og utviklar nye måtar å tenkje om miljøet på. Det utfordrar førestillinga om at miljøproblem berre er vitskaplege eller tekniske, ved å hevde at dei òg spring ut av kulturelle og religiøse verdiar, politiske system og historiske prosessar.

Emnet gir studentane spesialisering i eit relevant tema innan miljøhumaniora. Det spesifikke temaet vil variere frå semester til semester, avhengig av tilgjengelege undervisingsressursar og forskingsinteresser. Instituttet kunngjer kva tema som blir tilbydd før semesterstart.

Emnet er eit fordjupingsemne som byggjer på MILHUM202, og må takast samtidig med dette. Det utvidar det aktuelle temaet gjennom ei meir omfattande pensumliste og fleire arbeidskrav.

Læringsutbytte

Etter fullført emne i kombinasjon med MILHUM202, vil studenten ha følgjande læringsutbyte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

• Studenten har inngåande kunnskap om viktige tema, problem og prosessar innanfor eit spesialisert emne innan miljøhumaniora.

Ferdigheiter:

• Studenten kan med tryggleik nytte sentrale verktøy og metodar knytt til eit tema innan miljøhumaniora.

• Studenten kan sjølvstendig finne, vurdere og referere til informasjon og akademisk materiale og relatere det til ei problemstilling innan miljøhumaniora.

Generell kompetanse:

• Studenten kan med sikkerheit presentere viktig akademisk materiale som teoriar, problem og løysingar, og utveksle meiningar med andre med bakgrunn i miljøhumaniora.

• Studenten viser forståing for nødvendigheita av kreative og tilpassingsdyktige problemløysingsmetodar for komplekse globale problemstillingar.

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og/eller vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Dette emnet kan berre takast i kombinasjon med MILHUM202.

Anbefalte forkunnskaper

Gode kunnskapar i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet kan berre takast i kombinasjon med MILHUM202.

Arbeids- og undervisningsformer

All undervising vil bli gjennomført i samband med MILHUM202. Sjå emnebeskrivinga for MILHUM202 for detaljar om undervisningstimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Emnet vil bli vurdert med ei semesteroppgåve på inntil 1500 ord. Detaljar om semesteroppgåva vil bli kunngjort ved emnestart.

Semesteroppgåver kan leverast på norsk, dansk, svensk eller engelsk.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Haust/vår

Litteraturliste

Instituttet utarbeider ei obligatorisk pensumliste på ca. 400 sider. Pensumlista vil vere tilgjengeleg innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.