Norsk språk som andrespråk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir ei grunnleggande innføring i moderne norsk språk, som omfattar fonologi, morfologi, syntaks og vokabular i eit andrespråksperspektiv. Norsk språk blir sett i eit språktypologisk lys med vekt på kva trekk som potensielt er vanskeleg å tileigne seg. Emnet gir ei innføring i analyse av innlærarspråk og har også eit språklæringsteoretisk og språkdidaktisk tilsnitt.

Læringsutbytte

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular
  • har kjennskap til sentrale språklege likskapar og skilnader mellom norsk og ulike andre språk
  • har kunnskap om kva ved det norske språket som kan vere spesielt vanskeleg å lære for ein andrespråksinnlærar
  • har innsikt i kva språklege trekk som kjenneteiknar innlærarspråk

Dugleik:

Studenten

  • kan gjere greie for hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular i eit andrespråksperspektiv
  • kan analysere innlærarspråk på ulike språklege nivå
  • kan reflektere over kva språklege utfordringar innlærarar av norsk, står overfor

Generell kompetanse:

Studenten

  • har ein kunnskapsbase om hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular i eit andrespråksperspektiv og i eit språktypologisk perspektiv. Studenten kan også reflektere over denne kunnskapen i ein språkdidaktisk samanheng.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studiet føreset norskkunnskapar tilsvarande minimum C1-nivå.

Studiepoengsreduksjon

Emnet har fullt overlapp (15 studiepoeng) med NORAN101-F og fullt overlapp med NORAN602 (15 studiepoeng).Emnet har delvis overlapp med NOSPAN101 (10 studiepoeng) og NOSP104 (10 studiepoeng).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstype- og mengd:

Undervisninga består av førelesingar og oppgåveseminar. Det er obligatorisk å delta på oppgåveseminar (sjå nedanfor).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å delta på minst 70 % av oppgåveseminara.

Vurderingsformer

Skuleeksamen 6 timar. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.

Ved fastsettinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F

Vurderingssemester

Vår og haust.

Litteraturliste

Pensum er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Programansvarlig

Programstyre for nordisk

Emneansvarlig

Programstyre for nordisk

Administrativt ansvarlig

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium