Introduksjon til spansk og latinamerikastudium

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Studentane skal få eit godt grunnlag for eit akademisk studium av spansk språk og latinamerikansk litteratur og historie gjennom å få ei elementær innføring i ulike tematiske einingar med relevans for dei tre disiplinane.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studentane kjennskap til hovudlinene i spansk grammatikk og uttale. I tillegg har dei fått ei første innføring i spanskspråkleg litteratur og historie. Dei har opparbeidd god leseevne og kan uttrykkja seg munnleg og skriftleg på eit enkelt akademisk spansk. SPLA100 gjev grunnlag for vidare studium i spansk språk og latinamerikansk litteratur og historie.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Anbefalte forkunnskaper

All undervisning går føre seg på spansk. Difor tilrår me språkkunnskapar på nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

SPLA100H (10 stp.)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset går over heile haustsemesteret (12 veker) med minimum 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil i hovudsak vera seminar med integrert gruppeundervisning. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen krav om minimumsframmøte til undervisninga, men undervisninga føreset god førebuing og aktiv deltaking.

Det er krav om å få godkjent tre obligatoriske oppgåver gjennom semesteret. Desse kan vera skriftlege eller munnlege og må utførast innan fristen for desse aktivitetane. Det vert gitt informasjon om kva oppgåvene går ut på og kor tid dei skal gjennomførast, i byrjinga av semesteret. Kvar oppgåve blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Alle oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Ein avsluttande skriftleg skoleeksamen i sal på 4 timar. Eksamensspråket er spansk på litteratur- og kulturdelen, og spansk eller norsk på grammatikkdelen. Eksamen er digital.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarlig

Programstyret for Spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.