Fjernord: Norsk språk 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt i studiet av moderne norsk. Det skal byggje opp ein grunnstamme av kunnskap som er nødvendig for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet har hovudvekt på oppbygginga av ord og setningar i moderne norsk, altså grammatikk. I tillegg kjem mindre innslag av betydningslære (semantikk) og kunnskap om ordtilfang og tekstar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap Studenten

•har brei og god kunnskap om korleis ord og setningar er oppbygde i moderne norsk (grammatikk) •noko kunnskap om grammatiske likskapar og skilnader mellom norsk og andre språk

•har noko kunnskap om betydningslære (semantikk) og korleis ordtilfanget er sett saman

•har noko kunnskap om språklege drag ved tekstar

Ferdigheiter Studenten

•kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale

•skriv bokmål korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

•kan lese og orientere seg i språkfagleg litteratur •har innsikt i etiske problemstillingar knytte til tekstar og språkleg materiale

•kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk språk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår, «partalsår», men avhengig av tilgjengelege undervisningsressursar

Undervisningssted

Nettbasert undervisning

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk

Studiepoengsreduksjon

Det er full overlapping med NOSP102-F, NOSPAN101 og NOSP104. Det er 10 studiepoengs overlapping med NORAN101, NORAN101-F og NORAN602.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til NOSP601 Vidareutdanning.

Arbeids- og undervisningsformer

Nettbasert undervisning. Studenten arbeider sjølvstendig innanfor ein fast modulstruktur som er utarbeidd på læringsplattforma. Nokre førelesingar og økter med oppgåveløysing, måndag-fredag på kveldstid og/eller laurdag-søndag på dagtid.

Kontrolloppgåver som må gjennomførast mellom kvar modul på læringsplattforma.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein heimeeksamen på fire timar.

Studenten skal skrive på bokmål.

I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala

Bokstavkarakterar

Vurderingssemester

Vurdering berre i undervisningssemesteret og tidleg i det påfølgjande semesteret

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert kvar gong.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Programansvarlig

Programstyret for nordisk

Emneansvarlig

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarlig

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium