Kultur, historie og litteratur: Latinamerikanske revolusjonar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kva er ein revolusjon? Og korleis har revolusjonar gått føre seg i Latin-Amerika? Kva har vore grunnane? Og kva har vore konsekvensane?

Latin-Amerika har gjennom tidene gått gjennom mange og store endringar på mange felt, til dømes i politikk, økonomi, samfunn, litteratur og kultur. Dette emnet ser på ulike typar revolusjonar i Latin-Amerika,med fordjuping i ein eller fleire av desse. Døme på innfallsvinklar til tema kan vera nasjonale revolusjonar,som t.d. i Cuba, Mexico eller Bolivia, og kulturelle revolusjonar som t.d. feminismen, det grøne skiftet og el boom literario.

Tema vil verta belyst ut ifrå ein litterær eller ein historisk ståstad, eller frå ein kombinasjon av desse. Fordjupingstema og innfallsvinkel vil skifta frå semester til semester og vil vera knytt til den pågåande forskinga ved instituttet og undervisningskreftene som er tilgjengelege. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, ved semesterstart.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan latinamerikansk historie, litteratur og kultur knytte til latinamerikanske revolusjonar som eit utvida konsept.
  • har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av revolusjonar i Latin-Amerika i ein konkret kontekst.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan forstå og tolka ulike typar tekstar på spansk
  • kan uttrykkja seg skriftleg og munnleg på spansk, både om historiske, litteratur- og kulturfaglege emne og meir ålment.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen.

Krav til forkunnskaper

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Anbefalte forkunnskaper

Sidan all undervisning går føre seg på spansk tilrår vi eit språknivå minimum B1 (jf. CEFR-skalaen) eller SPLA100.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA108 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA102, SLAN614 eller med SPLA628.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går normalt over ein 8-10 vekers periode. Det kan også verta aktuelt å leggja undervisninga i blokk.

Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer, og gjennom semesteret vil det vera stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterabeid og oppgåveløysing. Studentane kan også verta bedne om å førebu og leggja fram kortare presentasjonar i timane.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet verta tilpassa studenttalet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er to obligatoriske oppgåver. Desse må utførast innan fristen for desse aktivitetane. Det vert gitt informasjon om kva oppgåvene går ut på og kor tid dei skal gjennomførast, i byrjinga av semesteret. Kvar oppgåve blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Alle oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen. På den munnlege eksamenen skal studenten halda ein presentasjon på 10-12 minuttar over eit tema som vert gjeve av faglærar ei veke før eksamen. I etterkant av presentasjonen vil studenten bli eksaminert i eit anna emne frå pensum. Karakteren vert sett på grunnlag av både presentasjonen og samtalen i etterkant. Eksamensspråket er spansk og karakteren vert sett på grunnlag av både innhald og språk.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum tilsvarar om lag 375 sider og kan vera sett saman av fagtekstar og skjønnlitterære tekstar så vel som tekstar i utvida forstand, t.d. audiovisuelle kjelder. Pensumlitteraturen er i all hovudsak på spansk.

Litteraturlista vil vere klar den 1. desember for bruk i vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.